Eksamensvakter er nokre forunderlege vesen. Nokon tar arbeidet seriøst og vandrar mistenksam rundt og trur alle studentane forsøker og fuske, andre er vakt berre for moro skuld, mens nokon sitt i eit hjørne og halvsov til ein stakkar student kjen at blæra svell og må forlate plassen for å tømme seg.
Eg har hatt eksamen i Norsk i dag. Då vakta sjekka kandidatnummer til personen som satt bak meg høyrde eg at dette var ei vakt som var av den pratfulle og nysgjerrige typen.
- Jaså, du kjem frå Rissa du? Ja, då kjen du vel han Torstein?
- Eh, jadda.
- Åh, han er jo slik ein herleg gut. Tvers gjennom snill.
Eg prisa meg lykkeleg over at eg kjem frå ein anna kant av landet, og at vakta neppe kjende til nokre av mine vennar.
- Åja, du heiter det du? Då kjenne du vel han ........?
- Ehm, ja, det er far min.
- Åh Herregud, han har eg jo jobba samen med i ......... Han var jo sånt ein framragande ......... og ........ Eg har ikkje treffe han på lenge, korleis gjeng det med han?
- Ehm… Eg har ein eksamen eg må gjere. I love to chitchat, men sorry. Eg er i så fint eit driv skjønna du.
- Oi, ja, eg skal ikkje plaga deg meir. (særs snurt)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar